Internettpioneren Vint Cerf sa for ei tid tilbake at Internettet sin sosiale påverknad og suksess kan forklarast gjennom Internettets arkitektur og design, der tre gylne reglar gjeld: Ingen eig nettet, alle brukar det og alle kan leggje til tenester. Eg synest det er godt sagt.
Framveksten av det sosiale nettet har vist at informasjonssamfunnet ikkje er eit spegelbilete av den analoge verda. Delingskulturen på Internett utfordrar korleis vi har innretta oss på mange område. Delingskulturen skaper verdiar, men den utfordrar òg politikken på mange område.
Den utfordrar forvaltningspolitikken. Når statsministeren oppretter profil på Facebook, så skaper det fagnad i vide krinsar, men det skaper uro i det byråkratiske etablissementet. Er det statsministeren som er på Facebook, eller er det privatpersonen Jens Stoltenberg, og kven er det som har ansvar for å svare på spørsmål og meldingar? Dersom det er statsministeren, korleis påverkar dette forholdet til reglane og rutinane i forvaltninga?
Den utfordrar personvernpolitikken vår. Korleis skal vi sikre at ungar i tiårsalderen ikkje krenkjer klassekameratar, venner eller seg sjølve når dei publiserer og deler bilete og tekst på nettet?
Den utfordrar næringspolitikken. Korleis kan offentlege data, register og informasjon gi grunnlag for næringsutvikling og nye elektroniske tenester til innbyggjarane?
Tenkje nytt
Og som fildeling generelt, og Pirate Bay-saka spesielt, illustrerer, den utfordrar kulturpolitikken. Treng vi å tenkje nytt rundt opphavsrett og distribusjon av lyd og bilete?
IKT-politikken er overgripande og den møter difor stadig andre politikkområde. I dette spenningsforholdet vert politiske løysingar til. Eg ynskjer debatt og ordskifte om IKT-utviklinga generelt, og dei ulike problemstillingane rundt bruk av sosiale media spesielt. Eg ynskjer å stimulere til eit betre kunnskapsgrunnlag om utviklinga, og ikkje minst å teste ut viktige element ved denne delingskulturen i praksis. Eg har difor nyleg lansert ei debattbok som er kalla "Delte meninger. Om nettets sosiale sider" og ein nettstad www.deltemeninger.no, der desse tema vert diskuterte.
Erfaringane så langt har vore gode. Sidan 16. april, då nettstaden vart lansert, er om lag 400 debattinnlegg komne på og meir enn fire tusen lesarar. Innspela har vore nyanserte og kunnskapsrike.
Eit døme er diskusjonen om kva slags digital kompetanse vi skal utstyre barn med, slik dei kan bruke nettet kreativt og trygt. Mange har òg gitt gode refleksjonar rundt deling og gjenbruk av offentlege og offentleg subsidierte data. Og medan fildelingsdebatten ofte vert ein skyttargravskrig mellom fastlåste posisjonar, registrerer eg mange konstruktive innspel om korleis ein kan skape berekraftige forretningsmodellar på nettet. Dette er nyttig for oss som skal forme ny politikk.
Oppmodinga mi
Samtidig er ikkje alle røyster like godt representerte i slike fora. Medan menn og teknologimiljø til no har vore aktive på deltemeninger.no, har kvinner og kultursektoren vore lite tilstades. Det vert spennande å sjå om dette endrar seg etter kvart som nye tema vert diskuterte. Mi erfaring er at målretta bruk av sosiale medium er verdifullt for oss politikarar. Det er ei kommunikasjonsform og ein lyttepost vi skal ta alvorleg og utforske vidare.
I boka har vi teke nokre nye grep. Heile boka er gitt under ein :creative commons-lisens, slik at alle artiklane fritt kan gjenbrukast. Vi har allereie sett eit døme på at ein artikkel har blitt publisert på nytt på ein annan nettstad. I staden for å kjøpe inn bilete til boka engasjerte vi ein kunstfotograf som fekk i oppdrag å leite etter gode bilete på Flickr. Dette er døme på kva vi kan oppnå dersom vi deler meir.
Oppmodinga mi er derfor - del meir, både bilete, artiklar og meiningar!
Norske utviklere med sinnrikt system for måling av oppdrettsfiskens levekår.
60 prosent av alle virtuelle servere er mindre sikre enn fysiske, sier Gartner.
Verdens verste botnet får sterkere kopibeskyttelse enn Windows.
Unødvendige oppgraderinger får skylda for tidenes pc-sløseri.
Difi avgjør om tippekort og banknøkkel skal brukes i offentlige nettjenester.
Microsoft håper gratisvare får fart på utviklingen av Windows Phone 7.
Hevder direktivet strider mot flere av menneskerettighetene.
Norge har fremtidens it-løsninger for omsorgs-sektoren, mener Abelia.

|
Skatteetaten: Vi søker løsningsarkitekter IT-infrastruktur, Grimstad eller Oslo |
|
Steria as: Prosjektledere - systemutviklingsprosjekter, Oslo |
|
Alstahaug kommune: IKT-konsulent, Sandnessjøen |
|
Capgemini: Prosjektledere, Oslo |
|
Capgemini: Forretningsrådgivere, Oslo |
|
Capgemini: Arkitekter, Oslo |
|
IntelliSearch: Senior utvikler, Oslo |
|
Inmeta: 30 dyktige og ambisiøse medarbeidere, Oslo og Trondheim |
|
Capgemini: Risk Management, Compliance, and Analytics konsulenter, Oslo eller Bergen |
|
Sogeti Norge: Testrådgivere og testledere, Oslo |
|
Sogeti Norge: Teknisk tester, Oslo |
|
Capgemini: Datavarehus og Business Intelligence konsulenter, Oslo eller Bergen |
|
Diakonhjemmet sykehus: Seksjonsleder IKT-drift og infrastruktur, Oslo |
|
Skatteetaten: Seniorkonsulent/IT-rådgiver, Grimstad |
|
Steria as: BI spesialist - arkitekt/datamodellerer/ETL-utvikler, Oslo |
|
Steria as: IT Rådgiver, Oslo |
|
Steria as: Forretningsrådgiver, Oslo |
|
Steria as: Senior forretnings- og it-rådgivere, Oslo |
|
Steria as: Senior Microsoft utviklere og arkitekter, Oslo |
|
Steria as: Testledere/Senior testledere, Oslo |
|
Helse Sør-Øst: Spesialrådgiver informasjonssikkerhet, Hamar |

Computerworld utgis avCopyright 2010 IDG Magazines Norge AS. All rights reserved
Postboks 9090 Grønland – 0133 OSLO / online@idg.no / Telefon 22053000
Ansvarlig redaktør Morten Kristiansen / Utviklingsansvarlig Ulf H. Helland / Salgsdirektør Jon Thore Thorstensen